Nyleg har me feira pinse (juni 2015). Sigurd Lunde sin song «Dine løfter er mange», er ein av songane eg ved fleire høve sang i pinsehelga. Denne songen kan godt syngjast heile året. Guds lovnader står fast uansett kva dato det er på kalenderen.
Det siste verset i songen lyder slik:
Lær oss elske hverandre, og se hva det er
Du har ment med at vi bor der vi bor!
Hjelp oss vitne om Jesus for fjern og for nær,
La ditt ord nå ut til hele vår jord!
Dette verset har betydd mykje for meg. Då Frøydis og eg gifta oss i 1992, song me denne songen i kyrkja. Sidan har verset fylgt oss. Anten me har budd i Norge eller Indonesia, på Vestlandet eller i Trøndelag, har bøna i fyrste del av verset vore mi bøn. Me har flytta mange gonger. Akkurat no bur me i barndomsheimen til Frøydis på Heimdal. Er det ei meining med at me bur der me bur?
Eg trur at uansett kor me er i verda, så har Gud gjerningar som han legg ferdige for oss for at me skal få gå inn i dei. Frå tid til tid kan oppgåvene variera. Nokre gonger er det oppgåver som er synlege for mange, andre gonger er tenesta i det stille.
Då me var misjonærar i Indonesia, var det tydeleg at det var ein grunn for at me budde der. Utan god grunn, hadde det ikkje vore vits å vera der. Mindre tydeleg er det kanskje når me er i Norge. Då opplevest det kanskje som det er tilfeldig at me bur der me bur. Eg trur Gud kan opna augene våre slk at me ser at det er ei meining med det.
Gud kan bruka oss på ulikt vis. Som kristne har me eit kall til å vera lys og salt i verda. Paulus skriv til dei kristne i Korint og kallar dei «Kristi brev». Dette brevet er kjent og lese av alle menneske. I familien, på arbeidsplassen og i nabolaget har me ein rolle. Den rollen kan me leva på ulikt vis. Me kan vera bevisste på rollen vår, eller me kan la vera å tenkja over det.
Sigurd Lunde formulerar ei bøn som er med på å heva bevissthetsnivået mitt på den rolla eg har der eg bur. Så er det også mi bøn at Gud må svara på bøna, at eg får bety noko positivt i andre menneske sitt liv. At eg får vera eit vitne i kvardagen min. At eg kan vera lys og salt der eg er. At eg får frimod til å gå inn i dei gjerningane som Gud har lagt ferdig for at eg skal gå inn i dei.
Det verkar kanskje voldsomt og fromt å ha slike tankar. Eg føler ikkje at eg nødvendigvis er Guds gåve til nabolaget mitt. Samtidig så trur eg at Gud har ein plan med mitt liv. Det er ganske utfordrande å syngja denne songen som Sigurd Lunde har skrive. I det fjerde verset ber han slik:
Dine gaver er mange, din nåde er rik,
Herre, velg for oss de gaver du vil!
Hjelp oss bruke dem rett og forvalte dem slik
At det merkes vi er tent av din ild!
Det er litt skummelt å be slik. Tenk om Gud svarar ved å gi gåver som eg ikkje ynskjer å få? Gud presenterar seg som ein Gud som har fredstankar og ikkje ulukkestankar for oss. Difor trur eg det er trygt å be slik. Tenk om Gud vil bruka oss til å fremja sin fred og sitt rike der me bur?