FN si fråsegn om menneskerettar har mest blitt som ei universell lov. Ho gjeld for alle, og i prinsippet må alle retta seg etter den. At den kom i kjølvatnet av siste verdskrig med sine ufattelege overgrep mot enkeltmenneske og folkegrupper, er forståleg. Eit vern mot vilkårleg og krenkande maktbruk måtte byggast rundt mennesket – uavhengig av tru, overtyding, etnisitet, kjønn, alder, funksjonsevne m.m.
Menneskerettsfråsegna tenker stort om menneske. Og det er flott. Bibelen lærer oss at mennesket er unikt. Det er skapt i Guds bilete og blei sett til å råda over skaparverket. Mennesket har ein uendeleg verdi i Guds augo. Andre kan “prisa” oss lågt, og i tunge stunder kan me sjølv gjera det. Men slik er ikkje Gud. Om ingen andre gjer det, så ser han diamanten i deg og meg. Gløym ikkje det.
Syndefallet, den store katastrofen, øydela så mykje. Forholdet til Gud kom i ulage, nesten blei i større grad eit problem enn ein moglegheit, det skjedde også noko med relasjonen til naturen og endeleg blei mennesket som “framandt” i forhold til seg sjølv. Synda, skulda og døden kom inn i verda. Adam og Eva blei drivne ut or Edens hage, og kjerubar med logande sverd sette til å vakta inngangen.
Men så kom Gud til oss i sonen sin Jesus Kristus. Han blei gjort til synd for oss, kom under forbanning og døydde til fastsett tid for ugudelege. Det som var umogleg for lova, det gjorde Gud. Han tok skuldbrevet vårt med seg opp på krossen og sletta det ut. Ved å gripa desse sanningane i tru går mennesket over frå døden til livet. “Nåden er fri, og eg kviler meg der, slik som eg er” (S. Engeset). Kor stort at det er slik!
Evangeliet er for alle. Jesus “ kom og forkynte evangeliet om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær” (Ef. 2:17) . Det er både for jødar og heidningar. Noko seinare står det at “heidningane er medarvingar” (3:6). Dei unådde, dei som aldri har høyrt, er altså inkluderte og tenkte med. Den største og viktigaste av alle menneskerettar er retten til å høyra evangeliet på sitt eige mål. “Gå….ut og gjer alle folkeslag til læresveinar”, var noko av det siste Jesus sa.
Kallet til “å gå” var ei drivkraft då Norsk Luthersk Misjonssamband blei grunnlagt. Kvinner og menn, unge og gamle, blei stansa og gjekk inn i rekkene. Fram gjennom åra har mange utført ei stor og oppofrande teneste i misjonen. Og slik er det heldigvis framleis. Gode misjonsven! No vil eg nytta høvet å takka deg varmt og inderleg for at du er med i dette viktige arbeidet – gjennom bøn, offer og på så mange vis elles.
“For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske” (Tit. 2:11)
Takk for samfunn i tenesta!
Lars Gaute Jøssang