del

Det er nokon som bankar på

Av: Einar Erikstein   -  

Joh. openberring 3, 10 - 11:
"Alle dei eg har kjær,refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om! Sjå eg stpr framfor døra og bankar. Om nokon høyre mi røyst og opnar døre, då vil eg gå in til han og halda måltid, eg med han og han med meg".
 
Når me skundar oss opp troppa på Misjonshuset i Åfjord, ser me vel ikkje så ofte på måleriet som heng på veggen akkurat der. Kva har dei tenkt, tru, dei som hengde det opp akkurat der ved ingangen til Misjonshuset?
 

Eg trur at det kan vera at eit møte kan bety at med kan koma til å oppfatte samlinga som eit møte med Gud, som kjem til oss i Jesus Kristus, Guds einborne Son. Ja, at det kan hende at me høyrer Hans røyst der og då. Gjenom ordet.
 
Skulle det vera nokon som ville vera glad for at ein høyrde ingen ting? At ein var uberørt av det som vart forkynt? Det er noko av det mest alvorlege som eg kan tenkje meg: at Gud ikkje har noko å seia til meg? For no står det klårt at det er til dei Han har kjær at Han talar, Jesus. Det er til dei han skal gjera noko viktig for. Som Han “har ærend til”.

Me kan vel spørja om det er noko leitt han vil tale om. Ikkje tenk slik i fyrste omgang. For høyr: Han vil halda måltid med oss. Han med oss og me med Han.

Eg tenkjer somme gonger på dette huset Jesus vil inn i. Kan det vara som det den vesle guten sa då han vart formana om å ha det fint på rommet sitt, han svara: “det vert vel eit roterom”. Nei, her er det større ting det gjeld. Det er Frelsaren som kjem inn. Han som skal ta seg av alt som gjeld livet vårt. Han som vil setja alle ting i stand. Dette vil Han ta opp med oss i måltidet Han vil ha med oss. Og ved dette nådemåltidet er det at han set igang si istandsetjing, sin reparasjon i vårt liv. Dette er det herlegaste møte nokon kan tenkje seg. Me kan gjerne minne om det som har vorte sagt at det skjer ett byte under dette møte. Me kjem med vår synd og vår uorden. Jesus kjem med sin nåde og si istandsetjing.
“Du med nåden, jeg med skammen;
å, hvor vi dog passer sammen,
du Guds Salvede, Guds Sønn!”
 
Kva ventar me på? Er det ingen som kjem til oss? Det er eit menneskeleg spørsmål som me må ta opp somme gonger. Dei einsame. Men viktigare er det om Gud kjem til oss. Og det gjer Han. Gjennom Ordet sitt. Gjennom sine vitne og gjennom sine nådemiddel: dåp og nattverd og skriftemål.

Han kjem med det viktigaste av alt: frelse for tid og evigheit. Det er det me mest av alt treng. Det er Guds rike som kjem med Jesus. Og det skal me søkje fyrst. Også få alt anna i tillegg.
 
Amen.