del

Gi, og gi med glede!

Av: Olav Vestbøstad   -  

Desember er julemånaden, men jula pregar oss også før det. Julevarene kjem i butikkane i oktober og i misjonen arrangerar me julemesser og juleverkstedleirar i heile november. Misjonssambandet i Midt-Norge starta 1. november ein kampanje for å rekruttera fleire til fast giverteneste og samstundes utfordra dei som allereie er med til å auka beløpet giveravtalar. Eg har difor den siste tida tenkt på ei julesalme som presten og prestelæraren Gustav Jensen skreiv i 1896. Julesongen handlar om det å gi og brukar Gud sjølv som førebilete.
 
Gud sin egen Sønn oss gav Nå ved juletide.
Derfor går et lovsangshav Over verden vide.
Derfor fra det høye kor Lyder det her nede:
Gi, det er din sak på jord. Gi og gi med glede!
 
Gi din Gud ditt hjerte hen, Gi din ringe neste!
Gi din uvenn og din venn, Gi dem av ditt beste!
Gi til du blir tom og arm, Intet skal du miste!
Gi til du blir rik og varm, Rikest på det siste!
 
Jensen minnar oss på Gud som gav sonen sin, den einaste han hadde. Det er grunnen for julefeiringa vår. Det er grunnen til julefeiringa i heile verda, sjølv om det er Coca Cola sin julenisse som for mange er det store julesymbolet. Nissen gir berre gåver til snille born, men Gud gav sin son for alle!
 
Eg har vore på nokre julemesser den siste tida og blir imponert over kor mykje folk har gitt! Mange har gitt gevinstar til lotteri og åresalg. Mange har gitt bakst, handarbeid og andre salgsvarer. Mange har gitt av si tid for å selja lodd, både på dører og i butikkar. I tillegg gir ein av sine pengar til misjonen. Møtet med slike personar både inspirerar og utfordrar meg og mi giverteneste.
 
Eg føler at Jensen kanskje brukar store ord når han seier at ein skal gi både til uvenn og til venn, ein skal gi til ein «blir tom og arm». Samtidig så fortel jo Bibelen om korleis Gud gav det dyraste han hadde til ei verd som stort sett ikkje ville ta imot gåva. Våre gåver blir små om dei blir samanlikna med Guds gåve. Samtidig er det at Gud gav Jesus ein inspirasjon for meg. Englane fortalte gjetarane på betlehemsmarka at Jesu fødsel var ei gåve for alt folket. Denne gleda skal eg få vera med på å gi vidare. Eg skal få gi pengar, tid og andre av mine ressursar tilbake til Gud og hans rike. Ved hjelp av våre gåver kan «lovsangshavet» gå vidare ut over jorda.
 
Gåvene mine kan vera til glede for mine medmenneske. Givargleda er dessutan ei fin glede også for den som gir. «Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad!»
 
Tid og pengar er flotte gåver, men den største gåva Gud kan få, er vårt hjarta. Gud gav son sin for at kvar den som trur på han skal få evig liv. Ingen ting kan difor gleda Gud meir enn eit menneske som trur på han!
 
Så ynskjer eg alle ei velsigna og gåvmild advent og julehøgtid med fokus på den store gåva Gud gav.