Takksam

Av: Grete Yksnøy Martinsen   -  

I fjor vår bikka eg 40 år. Litt rart, men aller mest fint. Noko av det fine med å bli vaksen er at ein får perspektiv ein ikkje har hatt før, ein kan sjå attende på erfaringar ein har gjort seg, og forhåpentlegvis vil ein klare å reflektere rundt desse.
 
Mitt «tilbakeblikk» gjer meg takksam. Takksam for mange gode ting i livet, men det eg vil skrive om her, - takksam for at eg har fått bli kjent med Jesus.
 
Eg har vakse opp i ein kristen heim, og har alltid kalla meg kristen. Og sjølv om eg har hatt både spørsmål og innvendingar, så har eg aldri tenkt at dette vil eg ikkje. Livet med Jesus har vore ei trygg base gjennom livet, som har gitt meining, livsmot, håp og trøyst.
 
Eg er takksam for at eg hadde gode leiarar som først og fremst lærte meg kven Jesus er. At eg fekk bli godt kjent med Han, og hans veg for oss menneske.
Jesus seier det sjølv i bøna han ber for alle sine, før han sjølv skal lide og døy. Joh 17,3: «Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.»
 
Det evige livet byrjar altså her, ved at vi kjenner den einaste sanne Gud, og sonen, Jesus Kristus! Dette gjev håp og lys av evighet heilt inn i min ganske så vanlege kvardag.
Når kan vi seie at vi kjenner Jesus? Dette spørsmålet kan fort gjere det komplisert for oss, for kan dette eigentleg målast? Nei, det kan jo ikkje det, men vi veit i alle fall kvar vi blir kjende med Han. Gjennom bibel, bøn, nattverd og det kristne fellesskapet får vi sjå kven Jesus er. Slik kan vi også bli utrusta til å fortelje om Han til andre.
 
Og så må vi minne oss på at Gud er ein nådig Gud, som verkeleg vil at menneske skal bli frelst. Røvaren på korset visste ikkje mykje om kven Jesus var, men han anerkjente at Jesus var Guds son, og det var nok.
 
Når ein bikkar 40, så treng eg ein nådig Gud. Nåde fordi eg framleis ikkje får til alt, at eg dessverre har såra menneske langs min veg, at eg gjer mot Hans vilje, sjølv om eg kjenner Han. Då er det godt å kvile i dette verset frå 1.Johannesbrev: 1.Joh 3,1: «Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss; vi skal kallast Guds born, ja, vi er det!»
 
God haust og god vandring, saman med Jesus!